8 Eg hadde eit syn i natt. Eg såg ein mann som reid på ein raud hest. Han stogga mellom myrtetrea i dalbotnen, og attanfor han stod raude, raudbrune og kvite hestar.
9 Eg spurde: «Kva tyder dette, herre?» Engelen som tala med meg, svara: «Eg skal syna deg kva det tyder.»
10 Så sa mannen som stod mellom myrtetrea: «Det er dei som Herren har sendt ut så dei skal fara ikring på jorda.»
11 Dei sa til Herrens engel, som stod mellom myrtetrea: «Vi har fare ikring på jorda, og heile jorda er roleg og still.»
12 Då tok Herrens engel til ords og sa: «Herre, Allhærs Gud, kor lenge vil du drya før du gjer miskunn mot Jerusalem og byane i Juda som du har vore harm på i sytti år?»
13 Og Herren gav engelen som tala med meg, gode og trøystande ord til svar.
14 Og engelen som tala med meg, sa: Rop ut desse orda: Så seier Herren, Allhærs Gud:Eg er full av brennhugfor Jerusalem og Sion,