Sakarja 14 N78NN

Krigen og freden som kjem

1 Sjå, det kjem ein Herrens dag. Då skal det hærfanget dei har ført bort frå deg, skiftast ut hjå deg.

2 Eg vil samla alle folkeslaga til strid mot Jerusalem. Byen skal verta teken, husa plyndra og kvinnene tekne med vald. Halve byen skal førast bort i fangenskap, men resten av folket skal ikkje rydjast ut or byen.

3 Herren sjølv skal fara ut og strida mot desse folka som på stridens dag, den dagen han gjekk til kamp.

4 Den dagen skal han stå med føtene på Oljeberget, som ligg rett aust for Jerusalem. Og Oljeberget skal dela seg i to frå aust til vest, så det vert ein brei dal. Den eine halvparten av fjellet vik unna mot nord og den andre mot sør.

5 Dalen attmed fjellet mitt skal fyllast, for dalen mellom fjella skal nå heilt til Asal. Og de skal røma som de rømde for jordskjelvet i dei dagar Ussia var konge i Juda. Då skal Herren min Gud koma og alle heilage vera med han.

6 Den dagen skal det henda at ljoset kverv, og dei herlege himmelljosa sloknar.

7 Så skal det vera ein einaste dag – Herren kjenner han – og ikkje dag som skifter med natt; om kvelden skal det vera ljost.

8 Den dagen skal det henda at det renn levande vatn ut frå Jerusalem, den eine halvparten til havet i aust og den andre halvparten til havet i vest. Såleis skal det vera både sommar og vinter.

9 Då skal Herren vera konge over heile jorda. Den dagen skal Herren vera éin og namnet hans det einaste.

10 Heile landet skal verta som Araba-sletta, frå Geba til Rimmon, sør for Jerusalem. Men byen skal liggja høgt på sin stad, frå Benjamins-porten til den staden der den gamle porten var, til Hjørneporten og Hananel-tårnet, heilt til vinpressene åt kongen.

11 Der skal det bu folk. Det skal ikkje vera noka bannlysing meir. Jerusalem skal liggja trygt.

12 Dette er den plaga Herren vil senda over alle dei folka som går til strid mot Jerusalem:Kjøtet skal rotna på deimedan dei enno står på føtene.Augo skal rotna i holene sineog tunga rotna i munnen ¬på dei.

13 Den dagen skal det henda at Herren lèt det koma ei stor vilske over dei, så dei fer på kvarandre og lyfter hand mot kvarandre.

14 Ja, Juda skal strida mot Jerusalem. Og rikdomen frå alle folkeslaga rundt ikring skal samlast inn, gull og sølv og klede i store mengder.

15 Ei slik plage skal òg koma over hestar, muldyr, kamelar, esel og alle andre dyr som er i leirane deira.

16 Alle som vert att av alle dei folkeslag som dreg imot Jerusalem, skal år etter år fara opp og bøya seg og tilbe Kongen, Herren, Allhærs Gud, og høgtida lauvhyttehelga.

17 Men om ei av ættene på jorda ikkje fer opp til Jerusalem og tilbed Kongen, Herren, Allhærs Gud, skal det ikkje koma regn over henne.

18 Og om egyptarætta ikkje fer opp og ikkje kjem, skal det heller ikkje koma regn over henne, men derimot den plaga Herren lèt koma over dei folkeslaga som ikkje fer opp og høgtidar lauvhyttehelga.

19 Dette skal vera straffa for egyptarane og alle dei folkeslag som ikkje fer opp og høgtidar lauvhyttehelga.

20 Den dagen skal det stå «Helga til Herren» på bjøllene åt hestane; og grytene i Herrens hus skal vera som offerskålene framfor altaret.

21 Kvar einaste gryte i Jerusalem og Juda skal vera helga til Herren, Allhærs Gud, og alle som ofrar, skal koma og ta av dei og koka i dei. Den dagen skal det ikkje lenger vera nokon som driv handel i huset åt Herren, Allhærs Gud.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14