Sakarja 9 N78NN

Guds ord har makt

1 Eit domsord. Herrens ord er i Hadrak-landet,og i Damaskus slår det seg ned,– for menneska vender augo ¬mot Herrenliksom alle Israels ætter –

2 ja, i Hamat òg ¬som grensar til det,og i Tyrus og Sidon, ¬der dei er så vise.

3 Tyrus bygde seg ¬festningsverk,hauga opp sølv som moldog reint gull som avfall i gata.

4 Sjå, Herren vil ta byenog styrta festningsverka ¬i havet;byen skal øydast i eld.

5 Asjkalon skal sjå det og ottast,Gasa skal skjelva i angst,like eins Ekron,fordi hennar von ¬har vorte til skammar.Gasa skal missa sin kongeog Asjkalon sine innbyggjarar,

6 i Asjdod skal det bu ¬eit blandingsfolk.Eg vil gjera ende på høgmodet ¬åt filistarane;

7 eg vil ta blodet ¬or munnen deiraog styggedomen bort ¬frå tennene deira.Men dei som vert att,skal høyra vår Gud tilog vera som hovdingar i Juda;Ekron skal vera ¬som jebusittane.

8 Eg vil slå vakt om huset mitttil vern mot dei ¬som kjem og går.Aldri meir ¬skal nokon valdsherrefara fram imot dei.For no har eg sett det ¬med eigne augo.

Fredskongen på Sion

9 Gled deg storleg, Sions dotter,set i og jubla, Jerusalem!Sjå, kongen din kjem til deg.Rettferdig er han, ¬og siger har han fått;audmjuk rid han på eit esel,på den unge eselfolen.

10 Eg vil rydja ut vognene ¬i Efraimog hestane i Jerusalem,og stridsbogen ¬skal brytast sund.Han skal skapa fred for folka,hans velde skal nå ¬frå hav til hav,frå Eufrat til heimsens endar.

Herren skal strida for folket sitt

11 Ja, for ditt paktblod skuldvil eg fria dine fangar ¬ut or brunnensom det ikkje finst vatn i.

12 «Vend heim til borga,de fangar som har von!»I dag forkynner eg:«Eg vil gje deg dobbelt att.»

13 For eg spenner Juda ¬som ein bogeog legg Efraim på som pil.Eg eggjar dine søner, Sion,mot dine søner, Javan,og eg gjer deg lik sverdet ¬åt ein krigar.

14 Herren skal openberra seg ¬over dei,hans pil fara ut som eit lyn.Herren Gud ¬skal la hornet gjallaog fara fram i storm frå sør.

15 Herren, Allhærs Gud, ¬skal verna dei.Dei skal eta,og dei skal trakka ¬på slyngjesteinar,dei skal drikka og bråkasom om dei var drukne av vin;både offerskåler og altarhjørne ¬skal fyllast.

16 Den dagen skal Herren ¬deira Gudberga folket sitt ¬som ein saueflokk.Som steinar i eit diademskal dei glitra i landet hans.

17 Ja, kor godt og fagert det er!Kornet får gutane til å trivastog vinen jentene til å bløma.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14