Sakarja 11 N78NN

Oppmoding til klage

1 Lat opp dine dører, ¬Libanon,så eld kan øyda dine sedertre!

2 Set i med klagerop, sypress,fordi sederen er fallen,dei veldige trea øydelagde.Set i med klagerop,de mektige tre i Basan,fordi den tette skogen er felt.

3 Høyr kor gjætarane klagarfordi deira herlege beite ¬er herja!Høyr kor dei unge løvene ¬brølerfordi den fine Jordan-skogen ¬er øydelagd!

Den gode og den duglause hyrdingen

4 Så har Herren min Gud sagt: «Gjæt sauene som skal slaktast!»

5 Dei som kjøper dei, slaktar dei utan å bøta for det, og dei som sel dei, seier: «Lova vere Herren, eg vart rik!» Og deira eigne hyrdingar sparer dei ikkje.

6 «For eg vil ikkje lenger spara folket i landet,» lyder ordet frå Herren. «Sjå, eg vil la menneska falla i hendene på kvarandre og i hendene på kongen deira; dei skal herja landet, og eg vil ikkje berga nokon ut or deira hand.»

7 Så gjætte eg slaktesauene for sauehandlarane. Eg tok meg to stavar; den eine kalla eg Godvilje, den andre kalla eg Samband, og eg gjætte sauene. –

8 Eg rudde or vegen dei tre hyrdingane på ein månad.Men eg miste tolmodet med dei, og dei fekk uvilje mot meg òg.

9 Eg sa: «Eg vil ikkje gjæta dykk. Dei som held på å døy, får døy; dei som går til grunne, får gå til grunne; og dei som er att, får eta kvarandre opp.»

10 Så tok eg staven min Godvilje og braut han av; eg ville løysa opp den pakta som eg hadde gjort med alle folkeslaga.

11 Og ho vart oppløyst den dagen. Sauehandlarane som vakta på meg, skjøna då at dette var Herrens ord.

12 Eg sa til dei: «Om de så synest, så gjev meg løna mi; om ikkje, så lat det vera!» Då vog dei opp løna mi, tretti sølvstykke.

13 Men Herren sa til meg: «Ta pengane og kast dei til smeltaren, den herlege summen som dei har verdsett meg til.» Og eg tok dei tretti sølvstykka og kasta dei inn i Herrens hus, til smeltaren.

14 Så braut eg av den andre staven, Samband; eg ville bryta brorskapen mellom Juda og Israel.

15 Herren sa til meg: «Bu deg atter som ein hyrding, ein duglaus hyrding!

16 For sjå, eg vil reisa opp ein hyrding i landet, ein som ikkje ser etter dei ¬som går seg bort,ikkje leitar etter dei ¬som går seg vilt,ikkje lækjer dei som er skadde,ikkje syter for mat til dei friske,men et kjøtet av dei feite dyraog riv klauvene av dei.»

17 Ve den duglause ¬hyrdingen min,som går bort frå sauene!Sverd mot armen ¬og høgre auga hans!Armen hans skal visna bort,og det høgre auga sløkkjast ut.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14