Sakarja 4 N78NN

Ljosestaken og vintrea

1 Engelen som tala med meg, vekte meg ein gong til, som når ein mann vert vekt or svevnen.

2 Han spurde meg: «Kva ser du?» Eg svara: «Eg ser ein ljosestake som er av gull heilt igjennom. På toppen har han ei oljeskål og sju lamper med sju røyrer til kvar av lampene, som sit øvst på han.

3 Attmed staken står to oliventre, eitt til høgre for oljeskåla og eitt til venstre.»

4 Eg tok til ords og spurde engelen som tala med meg: «Kva tyder dette, herre?»

5 Engelen som tala med meg, sa: «Veit du ikkje kva dette tyder?» Eg svara: «Nei, herre.»

6 Då tok han til ords og sa til meg:Dette er Herrens ord ¬til Serubabel:Ikkje med makt ¬og ikkje med kraft,men med min Ande,seier Herren, Allhærs Gud.

7 Kven er vel du, ¬du mektige fjell?Framfor Serubabel ¬skal du verta ei slette.Han skal føra fram ¬toppsteinen,medan dei ropar:«Nåde, nåde vere med han!»

8 Herrens ord kom til meg, ¬og det lydde så:

9 Serubabels hender ¬har tufta dette huset,og hans hender ¬skal fullføra det.Då skal du sannaat Herren, Allhærs Gud, ¬har sendt meg til dykk.

10 Ja, alle som har vanvørdtden dagen då det tok til ¬i det små,skal gleda seg når dei får sjåblyloddet i Serubabels hand.– Dei sju, det er Herrens augosom fer over heile jorda.

11 Då tok eg til ords og spurde han: «Men kva tyder dei to oliventrea som står til høgre og til venstre for ljosestaken?»

12 Atter tok eg til ords og spurde: «Kva tyder dei to olivengreinene attmed dei to gullrøyrene som leier den gylne oljen ned frå dei?»

13 Han sa til meg: «Veit du ikkje kva dei tyder?» «Nei, herre,» svara eg.

14 Då sa han: «Det er dei to som er salva med olje. Dei står framfor han som er herre over all jorda.»

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14