Sakarja 3 N78NN

Øvstepresten Josvas skuld og frikjenning

1 Så lét han meg sjå Josva, øvstepresten, som stod framfor Herrens engel, medan Satan stod på høgre sida hans og førte klagemål mot han.

2 Herren sa til Satan: «Gjev Herren må visa deg til rettes, Satan! Ja, gjev Herren, som har valt ut Jerusalem, må visa deg til rettes! Er ikkje denne mannen ein brand, riven ut or elden?»

3 Josva var kledd i skitne klede der han stod framfor engelen.

4 Og engelen sa til dei som stod framfor han: «Ta av han dei skitne kleda!» Til Josva sa han: «Sjå, eg tek bort syndeskulda di og kler deg i høgtidsbunad.»

5 Då sa eg: «Set ein rein turban på hovudet hans!» Og dei sette ein rein turban på hovudet hans og tok på han kleda, medan Herrens engel stod der.

6 Då gav Herrens engel denne lovnaden til Josva:

7 Så seier Herren, Allhærs Gud:Går du på mine vegarog rettar deg ¬etter det eg har fastsett,skal du få styra mitt husog vakta mine føregardar,og eg vil gje deg tilgjengesaman med dei ¬som gjer teneste her.

8 Høyr no, Josva, øvsteprest!Du og embetsbrørne dine,som sit framføre deg,de er varselsmenn.For sjå, eg lèt min tenar ¬Renning koma.

9 Ja, på den steinen eg har lagt ¬framfor Josva,på denne eine steinen ¬med sju augoritar eg den innskrift ¬som skal stå,lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud.På ein einaste dag vil eg ta bortden skuld ¬som kviler på dette landet.

10 Den dagen, lyder ordet ¬frå Herren, Allhærs Gud,skal de be kvarandre ¬til gjestebodunder vintre og fikentre.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14