Sakarja 13 N78NN

1 Den dagen skal det vera ei open kjelde for Davids hus og for Jerusalems-buane til å reinsa bort synd og ureinskap.

2 Den dagen skal det henda, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud, at eg rydjar ut or landet namna på avgudane, så dei aldri skal nemnast meir. Jamvel profetane og den ureine ånda vil eg få bort frå landet.

3 Om nokon framleis talar profetord, skal far og mor hans, hans eigne foreldre, seia til han: «Du skal ikkje få leva, for du har tala lygn i Herrens namn.» Og far og mor hans, hans eigne foreldre, skal stikka han ned fordi han har stige fram og tala profetord.

4 Den dagen skal det henda at kvar profet skjemmest over synene sine når han forkynner, og han skal ikkje kle seg i loden kappe for å lyga.

5 Han skal seia: «Eg er ikkje profet, eg er jorddyrkar, for det var ein som kjøpte meg til træl då eg var berre ungguten.»

6 Spør nokon han: «Kva er det for sår du har på brystet?» kjem han til å svara: «Dei har eg fått i huset åt elskarane mine.»

Resten som er reinsa

7 Vakna, sverd, ¬mot min hyrding,mot mannen ¬som står meg nær,lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud.Slå hyrdingen, ¬og lat sauene spreiast!Mot dei minste ¬vil eg lyfta mi hand.

8 I heile landet, ¬lyder ordet frå Herren,skal to tredjepartar rydjast ut ¬og døy,men ein tredjepart skal leivast.

9 Denne tredjeparten ¬lèt eg gå gjennom eld,eg reinsar han, ¬som ein reinsar sølv,og prøver han, ¬som ein prøver gull.Dei skal kalla på mitt namn,og eg vil høyra bøna deira ¬og seia:«Dei er mitt folk,»og dei skal svara:«Herren er vår Gud.»

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14