6 Når de et og drikk, er det då ikkje de sjølve som et og drikk?»
7 Kjenner de ikkje dei orda som Herren forkynte gjennom dei førre profetane, den gongen folket i Jerusalem og i byane rundt ikring budde i fred og ro, då det budde folk i Negev og Sjefela?
8 Herrens ord kom til Sakarja, og det lydde så:
9 Så seier Herren, Allhærs Gud.Fell rettvise domar,og ver gode og miskunnsame, ¬kvar mot sin bror!
10 Far ikkje hardt frammot enkjer og farlause, ¬framande og armingar!Og ingen av dykk ¬må i sitt hjartatenkja ut vondt mot andre.
11 Men dei ville ikkje høyra; dei gjorde nakken stiv og øyro døve, så dei skulle sleppa å høyra.
12 Hjarta gjorde dei hardt som flint, så dei lét vera å høyra på lova og dei orda som Herren, Allhærs Gud, hadde sendt ved sin Ande gjennom dei førre profetane. Då kom det stor vreide frå Herren, Allhærs Gud.