1 Det var i det trettiande året, på den femte dagen i den fjerde månaden, medan eg var mellom dei bortførte attmed Kebar-elva, at himmelen opna seg. Eg såg syn av Gud.
2 På den femte dagen i månaden – det var i det femte året etter at kong Jojakin var bortført –
3 kom Herrens ord til presten Esekiel, son til Busi, attmed Kebar-elva i Kaldea. Herrens hand kom over han der.
4 Eg såg, og sjå! – ein stormvind kom frå nord, ei veldig sky og ein logande eld. Om skya var det ein lysglans. Og ut frå midten blinka det som av skinande metall, ut frå elden.
5 Frå midt inni elden kom det noko som likna fire levande skapningar, og slik såg dei ut: Dei likna menneske.
6 Men kvar av dei hadde fire andlet og fire venger.