1 Dette er namna på stammane:Lengst i nord, i retning Hetlon, Lebo-Hamat og Hasar-Enon – med Damaskus-området i nord, mot Hamat – frå aust til vest: Dan skal ha éin del.
2 Langs området til Dan, frå aust til vest: Asjer, éin del.
3 Langs området til Asjer, frå aust til vest: Naftali, éin del.
4 Langs området til Naftali, frå aust til vest: Manasse, éin del.
5 Langs området til Manasse, frå aust til vest: Efraim, éin del.
6 Langs området Efraim, frå aust til vest: Ruben, éin del.
7 Langs området til Ruben, frå aust til vest: Juda, éin del.
8 Langs området til Juda, frå aust til vest, ligg det stykket de skal skilja ut, tjuefem tusen alner breitt og like langt som kvar av dei andre delane, frå aust til vest. Heilagdomen skal liggja midt i det.
9 Det stykket de skil ut for Herren, skal vera tjuefem tusen alner langt og tjue tusen breitt.
10 Det heilage området skal høyra prestane til. Dei skal ha eit stykke som er tjuefem tusen alner langt i nord, ti tusen alner breitt i vest, ti tusen breitt i aust, og i sør tjuefem tusen langt. Heilagdomen skal liggja midt i det.
11 Dei heilage prestane av Sadok-ætta tok seg av tempeltenesta for meg. Dei fór ikkje vill saman med israelittane slik levittane gjorde.
12 Dei skal ha sin del av det stykket som er skilt ut av landet, ein høgheilag del, attmed området til levittane.
13 Levittane skal ha eit område ved prestane sitt, tjuefem tusen alner langt og ti tusen breitt. Det heile skal vera tjuefem tusen langt og tjue tusen breitt.
14 Dei skal ikkje selja noko av dette eller byta det bort eller la den beste delen av landet gå over til andre, for han er heilag for Herren.
15 Det fem tusen alner breie området som er att av det tjuefem tusen alen lange området, skal høyra til byen og ikkje vera heilagt, men brukast til bustader og beitemarker. Byen skal liggja midt i det.
16 Desse måla har byen: nordsida fire tusen fem hundre alner, sørsida fire tusen fem hundre, austsida fire tusen fem hundre og vestsida fire tusen fem hundre.
17 Det skal vera beitemarker til byen, i nord to hundre og femti alner, i sør to hundre og femti, i aust to hundre og femti og i vest to hundre og femti.
18 Det som er att langs det heilage området, er ti tusen alner mot aust og ti tusen mot vest. Grøda derifrå skal vera til brød for arbeidarane i byen.
19 Arbeidarane i byen skal dyrka det, arbeidarar frå alle stammane i Israel.
20 Heile området skal vera tjuefem tusen gonger tjuefem tusen alner, eit kvadrat. De skal skilja ut det heilage området saman med byens eigedom.
21 Det som er att på begge sider av det heilage området og byens eigedom, skal fyrsten ha: frå det tjuefem tusen alner lange området til grensa i aust, og vestover frå det tjuefem tusen alner lange området til grensa mot havet, attmed delane til stammane. Det skal høyra fyrsten til. Det utskilde, heilage området og det heilage huset midt i det,
22 saman med eigedomen til levittane og eigedomen til byen, skal liggja mellom det som høyrer fyrsten til. Det som ligg mellom områda til Juda og Benjamin, høyrer fyrsten til.
23 Så dei andre stammane:Frå aust til vest: Benjamin, éin del.
24 Langs Benjamin-området frå aust til vest: Simon, éin del.
25 Langs Simon-området frå aust til vest: Jissakar, éin del.
26 Langs Jissakar-området frå aust til vest: Sebulon, éin del.
27 Langs Sebulon-området frå aust til vest: Gad, éin del.
28 Langs Gad-området, langs grensa i Negev, mot sør, skal grensa gå frå Tamar til vatnet ved Meribat-Kadesj, langs elveleiet til Storhavet.
29 Dette er det landet de skal fordela mellom stammane i Israel til odel og eige; dette er dei delane stammane skal ha, seier Herren Gud.
30 Desse utgangane skal byen ha:På nordsida, som måler fire tusen fem hundre alner,
31 er det tre portar mot nord. Byportane skal ha namn etter stammane i Israel: Ruben-porten, Juda-porten og Levi-porten.
32 På austsida, som måler fire tusen fem hundre alner, er det tre portar: Josef-porten, Benjamin-porten og Dan-porten.
33 På sørsida, som måler fire tusen fem hundre alner, er det tre portar: Simon-porten, Jissakar-porten og Sebulon-porten.
34 På vestsida, som måler fire tusen fem hundre alner, er det tre portar: Gad-porten, Asjer-porten og Naftali-porten.
35 Omkrinsen skal vera på atten tusen alner.Namnet på byen skal frå denne dag vera «Herren er der».