Esekiel 28 N11NN

Dom over fyrsten av Tyros

1 Herrens ord kom til meg:

2 Menneske, sei til fyrsten av Tyros:Så seier Herren Gud:Fordi hjartet ditt er hovmodig,har du sagt: «Eg er ein gud.Eg sit på gudetronemidt ute på havet.»Men du er eit menneske og ikkje ein gud,du har gjort hjartet dittlikt eit gudehjarte.

3 Sjå, visare er du enn Daniel,ingen løyndom er duld for deg.

4 Med visdom og vithar du skaffa deg makt,du har skaffa sølv og gulltil skattkammera dine.

5 Med stor visdom i handelauka du di makt,men hjartet vart hovmodig av makta.

6 Difor seier Herren Gud:Fordi du gjorde hjartetlikt eit gudehjarte,

7 sender eg mot degframande, brutale folkeslag.Dei dreg sverdetmot din vene visdomog vanærar di prakt.

8 Dei styrtar deg i avgrunnen,drepen manns død skal du lidamidt ute på havet.

9 Vil du verkeleg seia «Eg er gud»andlet til andlet med din mordar?Men du er menneske og ikkje gudi hendene på dine drapsmenn.

10 Uomskoren manns død skal du lidai hendene på framande.For eg har tala,seier Herren Gud.

Likklage over kongen av Tyros

11 Herrens ord kom til meg:

12 Menneske, stem i ei likklage over kongen av Tyros og sei til han:Så seier Herren Gud:Du var eit bilete på det fullenda,fylt av visdom,fullkomen i venleik.

13 I Eden, Guds hage, heldt du til.Du var dekt av alle slag dyre steinar:rubin, topas og diamant,krysolitt, onyks og jade,safir, turkis og smaragd.Forgylte kunstverkvar dine trommer og fløyter,gjorde i stand for degden dagen du vart skapt.

14 Du var ein salva kjerub, eit vern.Eg innsette deg,på Guds heilage fjell heldt du til,mellom glødande steinar vandra du.

15 Du var heil i di ferdfrå den dagen du vart skapt,til det vart funne urett hos deg.

16 Din store handelfylte deg med vald,og du tok til å synda.Då dreiv eg deg bort frå gudefjelletog gjorde ende på deg,du vaktar og kjerubmellom glødande steinar.

17 Ditt hjarte vart hovmodigav din venleik,og du øydela din visdomog di prakt.Då kasta eg deg til jorda,eg sette deg framfor kongarså dei kunne sjå på deg.

18 Med stor skuldog med urett i handelvanhelga du dine heilagdomar.Eg sende eld,og han gjorde ende på deg.Eg gjorde deg til oske på jordarett framfor augapå alle som såg deg.

19 Alle som kjende degmellom folka, gyser.Eit skremsel har du vorte,du er borte for alltid.

Profetord til Sidon

20 Herrens ord kom til meg:

21 Menneske, vend deg mot Sidon, tal profetord mot henne.

22 Sei:Så seier Herren Gud:Sjå, eg kjem over deg, Sidon,og viser min herlegdom midt i deg.Dei skal kjennaat eg er Herrennår eg held dom over byenog viser meg heilag der.

23 Eg sender pest,blod skal renna i gatene.Der skal dei drepast,falla for sverdrette mot byen frå alle kantar.Då skal dei kjennaat eg er Herren.

24 Til Israels husskal det aldri meir komatornar som rivog tistlar som stikk,frå alle grannefolk som foraktar dei.Dei skal kjennaat eg er Herren Gud.

25 Så seier Herren Gud:Når eg samlar Israels husfrå alle folka dei er spreidde imellom,då vil eg gjennom dei visa meg heilagfor auga på folkeslaga.Dei skal få bu i landet sitt,det som eg gav Jakob, tenaren min.

26 Der skal dei bu trygt,byggja hus og planta vinmarker.Dei skal bu trygt når eg held domover alle grannefolk som foraktar dei.Då skal dei kjennaat eg er Herren deira Gud.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48