1 Herrens ord kom til meg:
2 Menneske! Kva gjer vinstokken ulik alle andre tre, vinranka mellom trea i skogen?
3 Kan treet frå den brukast til å laga noko av? Kan ein laga ein knagg av han til å hengja alle slag reiskapar på?
4 Om han blir kasta på elden, brend i begge endar og svidd på midten, duger han då til noko?
5 Nei, sjølv då han var uskadd, kunne han ikkje brukast til noko. Kor mykje mindre duger han ikkje då når elden har brent og svidd han!
6 Difor, så seier Herren Gud: Som eg gjer med vinstokken mellom trea i skogen når eg gjev han til føde for elden, slik gjer eg med dei som bur i Jerusalem.
7 Eg vender andletet mitt mot dei. Dei har gått ut av elden, men elden skal fortæra dei. De skal kjenna at eg er Herren når eg vender andletet mot dei.
8 Eg gjer landet til ei øydemark fordi dei har vore trulause, seier Herren Gud.