Esekiel 47 N11NN

Livsens elv

1 Han førte meg tilbake til tempelinngangen. Og sjå, vatn strøymde ut under dørstokken på austsida av tempelet, for framsida på tempelfasaden vender mot aust. Vatnet rann ned på høgre sida av tempelet, sør for altaret.

2 Så førte han meg ut gjennom nordporten, og der ute følgde han meg omkring til den ytre porten, som vender mot aust. Og sjå, vatnet sildra fram på høgre sida.

3 Mannen gjekk austover med ei målesnor i handa. Han målte opp tusen alner. Så lét han meg gå gjennom vatnet. Det nådde meg til anklane.

4 Han målte tusen til og lét meg gå gjennom vatnet. Det nådde meg til knes. Så målte han opp tusen til og lét meg gå gjennom vatnet. Det nådde meg til hoftene.

5 Atter målte han opp tusen alner. No var det ei elv som eg ikkje kunne vada over. For vatnet hadde stige til ei elv der ein måtte symja; ho lét seg ikkje vada.

6 Han sa til meg: «Ser du, menneske?» Så førte han meg tilbake til elvebredda.

7 Og sjå, då eg kom tilbake, var det ei mengd med tre langs elva på begge sider.

8 Han sa til meg: «Dette vatnet renn til områda i aust og ned på Araba-sletta. Når det renn ut i sjøen, blir vatnet der friskt.

9 Alle levande skapningar som det kryr av alle stader der denne elva renn, skal få leva. Der skal det bli ei mengd med fisk. For der dette vatnet kjem, blir alt friskt og levande, alt som er der elva renn.

10 Det skal stå fiskarar frå En-Gedi til En-Eglajim. Der skal det vera tørkeplass for garn. Det skal finnast fisk av same slag som i Storhavet, i store mengder.

11 Men myrane og sumpane skal ikkje bli friske. Av dei skal det vinnast ut salt.

12 På kvar side av elva skal det veksa alle slags tre til å eta av. Lauvet på dei skal ikkje visna, og frukta skal ikkje ta slutt. Kvar månad skal dei bera ny frukt, for vatnet dei får, kjem frå heilagdomen. Frukta skal vera til føde, og blada skal gje helse.»

Landegrensene

13 Så seier Herren Gud: Dette er dei grensene de skal ha når de deler landet mellom dei tolv Israel-stammane. Josef skal ha to delar.

14 De skal ta det i eige, den eine like mykje som den andre. Med lyft hand lova eg å gje det til fedrane dykkar, og no skal landet falla på dykk til odel og eige.

15 Dette er landegrensene.I nord: frå Storhavet over Hetlon, Lebo-Hamat og Sedad,

16 Berota og Sibrajim – mellom Damaskus-området og Hamat-området – til Hasar-Enon ved Havran-området.

17 Grensa går frå havet til Hasar-Enon. I nord ligg områda til Damaskus og Hamat. Dette er nordgrensa.

18 I aust: mellom Havran og Damaskus, mellom Gilead og Israels-landet, er Jordan grensa heilt til sjøen i aust, til Tamar. Dette er austgrensa.

19 I Negev, mot sør: frå Tamar til vatnet ved Meribat-Kadesj og vidare langs elveleiet til Storhavet. Dette er grensa i Negev, mot sør.

20 I vest: Storhavet dannar grense til ein kjem på høgd med Lebo-Hamat. Dette er vestgrensa.

21 De skal dela dette landet mellom dykk, mellom stammane i Israel.

22 De skal dela det ut til eigedom mellom dykk sjølve og innflyttarane som held til blant dykk og har fått born blant dykk. Dei skal vera for dykk som innfødde israelittar. Saman med dykk skal dei få utskift eigedom mellom stammane i Israel.

23 I den stammen der innflyttaren bur, skal de gje han eigedom, seier Herren Gud.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48