Esekiel 23 N11NN

Dei to systrene

1 Herrens ord kom til meg:

2 Menneske, det var to kvinner, døtrer til ei og same mor.

3 Dei hora i Egypt, i sin ungdom dreiv dei hor. Der klemde dei på brysta deira, der tok dei på dei jomfruelege brysta.

4 Den eldste heitte Ohola, og systera heitte Oholiba. Dei vart mine, og dei fødde søner og døtrer. – Namnet Ohola står for Samaria og Oholiba for Jerusalem.

5 Ohola dreiv hor endå ho var mi. Ho lengta etter elskarane sine, assyrarane, og dei kom til henne.

6 Dei var kledde i purpur, statthaldarar og stormenn, staute unge menn alle saman, ryttarar høgt til hest.

7 Ho gav seg til dei i hor, dei var alle mellom Assurs fremste menn. Slik gjorde ho seg urein med alle ho lengta etter, med alle avgudane deira.

8 Ho heldt ikkje opp med horelivet frå tida i Egypt. Der låg dei med henne då ho var ung, tok på dei jomfruelege brysta og tømde sitt hor ut over henne.

9 Difor gav eg henne over til elskarane, assyrarane, som ho lengta etter.

10 Dei kledde henne naken, tok sønene og døtrene hennar og drap henne med sverd. Ho fekk dårleg rykte på seg mellom kvinner, dom vart felt over henne.

11 Dette såg Oholiba, syster hennar. Likevel var ho verre enn systera med sin lengsel og sitt horeliv.

12 Ho lengta etter assyrarane, statthaldarar og stormenn som kom til henne i staselege klede, ryttarar høgt til hest, staute unge menn alle saman.

13 Eg såg at ho vart urein, begge gjekk dei same vegen.

14 Men endå dreiv ho sitt horeri. Ho fekk sjå bilete av kaldearar, rita inn på veggen med raudt.

15 Dei hadde belte om livet og flagrande turbanar på hovudet. Alle såg ut som dugande stridsmenn. Slik var biletet av Babels menn, dei som har Kaldea til heimland.

16 Ved synet av mennene vart lengselen hennar vekt, og ho sende bod etter dei i Kaldea.

17 Babelmennene kom til henne på elskhugsleiet og gjorde henne urein med horeriet. Men då ho hadde vorte urein, braut ho med dei.

18 Sidan ho dreiv hor så openlyst og kledde seg naken, braut eg med henne, som eg før hadde brote med syster hennar.

19 Men fordi ho mintest ungdomsdagane, då ho dreiv hor i Egypt, hora ho meir og meir.

20 Ho lengta etter belarane sine, med lem som esel og sprut som hestar.

21 Du tenkte med lengsel på din skamlause ungdom, på det egyptarane gjorde med brysta dine, dei unge brysta.

22 Difor, Oholiba, så seier Herren Gud: No eggjar eg elskarane dine mot deg, dei som du braut med. Eg sender dei mot deg frå alle kantar:

23 Babels menn, alle kaldearane, mennene frå Pekod, Sjoa og Koa, og alle assyrarane saman med dei, staute unge karar, statthaldarar og stormenn alle saman, dugande stridsmenn og utvalde menn, alle høgt til hest.

24 Dei kjem imot deg frå nord med rullande vogner og ei mengd med folk. Langskjold og rundskjold og hjelmar stiller dei opp mot deg frå alle kantar. Eg gjev dommen over til dei, og dei skal dømma deg etter sine lover.

25 Men deg gjev eg min sjalusi, så dei går laus på deg i harme. Nasen og øyra skjer dei av deg, og det som er att til slutt, skal falla for sverd. Sønene og døtrene dine tek dei, og det som er att til slutt, skal fortærast av eld.

26 Dei riv av deg kleda og tek smykka dine.

27 Slik gjer eg slutt på det skamlause horelivet som du la deg til i Egypt. Du skal ikkje kikka etter elskarane dine, og egyptarane skal du ikkje tenkja på meir.

28 For så seier Herren Gud: Sjå, eg gjev deg over i hendene på dei du hatar, dei som du braut med.

29 Dei skal visa sitt hat mot deg og ta frå deg alt du har streva for. Dei lèt deg liggja naken og avkledd så ditt nakne hor blir synleg, ditt skamlause horeliv.

30 Dette skal dei gjera mot deg fordi du dreiv hor og la deg etter andre folkeslag og gjorde deg urein med avgudane deira.

31 På di systers veg gjekk du, og hennar beger gjev eg i di hand.

32 Så seier Herren Gud:Begeret til syster di skal du drikka,det er både djupt og vidt.Då blir du til lått og spott,for begeret rømmer mykje.

33 Du blir drukken og full av sorg.Eit beger med redsle og ruiner begeret til Samaria, syster di.

34 Du må drikka det ut til siste dropenog knusa det til brot,og brysta dine skal du kutta opp.For eg har tala,seier Herren Gud.

35 Difor seier Herren Gud: Fordi du gløymde meg og vende meg ryggen, skal du bera vekta av ditt skamlause horeliv.

36 Herren sa til meg: Menneske, vil du dømma Ohola og Oholiba? Då skal du fortelja dei om alt det avskyelege dei har gjort.

37 Dei braut ekteskapet og har blod på hendene. Dei braut ekteskapet ved å dyrka avgudane sine, og borna som dei hadde fødd meg, gav dei til føde for dei.

38 Ja, endå meir har dei gjort mot meg: Dei gjorde heilagdomen min urein og vanhelga sabbatane mine.

39 Når dei hadde slakta borna sine for avgudane, kom dei same dagen inn i heilagdomen min og vanhelga han. Sjå, dette gjorde dei i mitt hus!

40 Dei sende til og med bod etter menn i fjerne land. Det vart sendt ein bodberar til dei, og sjå, då kom dei, desse som du hadde vaska deg for, sminka auga og pynta deg for med smykke.

41 Du sette deg på ei prektig seng. Eit bord stod duka framfor den, og der sette du fram min røykjelse og min olje.

42 Der inne høyrdest lyden av ein sorglaus og støyande flokk. Og til den store mengda av menneske kom drikkebrør som vart henta frå ørkenen. Dei kom med armband til kvinnene og staselege diadem til å ha på hovudet.

43 Då sa eg: «Ho er utsliten av ekteskapsbrot. Men no held dei sanneleg horelag, ja, ho òg!»

44 Dei gjekk inn til henne. Slik ein går inn til ei prostituert kvinne, slik gjekk dei til Ohola og Oholiba, dei skamlause kvinnene.

45 Men rettferdige menn skal dømma dei for brot på lova om ekteskapet og lova mot å ausa ut blod. For dei har brote ekteskapet, og dei har blod på hendene.

46 For så seier Herren Gud: Eg samlar ei folkemengd mot dei og gjev dei over til angst og plyndring.

47 Mengda skal steina dei og skamhogga dei med sverd. Sønene og døtrene skal dei drepa, og husa skal dei brenna.

48 Eg gjer slutt på skamløysa i landet. Alle kvinner skal ta lærdom av det, dei skal ikkje lenger leva skamlaust som de.

49 Eg gjev dykk att for skamløysa, de må sjølve bera straffa for den syndige avgudsdyrkinga. Då skal de kjenna at eg er Herren Gud.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48