Esekiel 30 N11NN

Herrens dag er nær for Egypt

1 Herrens ord kom til meg:

2 Menneske, tal profetord og sei:Så seier Herren Gud:Klag og skrik: For ein dag!

3 Dagen er nær, Herrens dag er nær,ein skytung dag.Tida er innefor folkeslaga.

4 Sverdet kjem over Egypt.Rier av redsle grip Kusjnår egyptarar blir drepne,når rikdomane blir tekne frå deiog grunnmurane jamna med jorda.

5 Kusj og Put,Lud og alle ørkenfolka,Kub og menn frå land dei står i pakt med,skal falla for sverd saman med dei.

6 Så seier Herren:Dei som støttar Egypt, skal falla.Den stolte makta deira skal gå under.Frå Migdol til Syene skal dei falla for sverd,seier Herren Gud.

7 Dei skal leggjast aude mellom øydde land,byane skal liggja mellom ruinbyar.

8 Dei skal kjenna at eg er Herrennår eg set eld på Egyptog alle som hjelper det, blir knuste.

9 Den dagen skal sendebod frå megdra ut med skipfor å skremma det trygge Kusj.Rier av redsle grip deinår dagen kjem for Egypt.For sjå, han kjem!

10 Så seier Herren Gud:Eg gjer ende på rikdomane i Egyptmed handa til Nebukadnesar, kongen i Babel.

11 Han og folket hans med han,brutale folkeslag,skal førast dit for å herja landet.Dei skal dra sverd mot Egyptog fylla landet med falne.

12 Eg lèt elvane tørka utog gjev landet i hendene på vonde.Med handa til framandeøydelegg eg landet og alt som fyller det.Eg, Herren, har tala.

13 Så seier Herren Gud:Eg lèt avgudane gå til grunneog gjer ende på fillegudane i Nof.Det skal ikkje lenger finnast nokon fyrste frå Egypt.Eg spreier redsle i landet.

14 Eg legg Patros audt,set eld på Soanog held dom over No.

15 Eg auser ut min harme over Sin,festningsbyen i Egypt,og øydelegg rikdomane i No.

16 Eg set eld på Egypt,Sin skal vri seg i smerte,No skal stormastog Nof takast midt på lyse dagen.

17 Dei unge mennene i On og Pi-Besetskal falla for sverd,og kvinnene må fara i fangenskap.

18 I Tahpanhes blir dagen mørknår eg bryt herskarstavane i Egyptså den stolte makta tek slutt.Skyer skal dekkja byen,døtrene hennar må fara i fangenskap.

19 Eg held dom over Egypt.Dei skal kjenna at eg er Herren.

Faraos makt er broten

20 Det var i det ellevte året, på den sjuande dagen i den første månaden. Herrens ord kom til meg:

21 Menneske, eg har brote armenpå farao, kongen i Egypt.Sjå, ingen har forbunde hanså han kan bli frisk att.Ingen har lagt han i fatleså han blir sterk nok til å gripa sverdet.

22 Difor seier Herren Gud:Sjå, eg kjem mot farao, kongen i Egypt.Eg bryt begge armane hans,både den sterke og den brotne.Eg slår sverdet ut av handa hans.

23 Eg spreier egyptarane mellom folkeslagaog strør dei ut i landa.

24 Eg styrkjer armane til kongen i Babelog gjev han mitt sverd i handa,men armane til farao bryt eg.Med banesår skal han sukkaog stønna framfor han.

25 Eg styrkjer armane til kongen i Babel,men armane til farao skal siga.Dei skal kjenna at eg er Herrennår eg legg sverdet mitt i handa på Babel-kongenog han retter det mot Egypt.

26 Eg spreier egyptarane mellom folkeslagaog strør dei ut i landa.Dei skal kjenna at eg er Herren.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48