Esekiel 10 N11NN

Kjerubane

1 Eg såg, og sjå! – over kvelven som var over hovudet på kjerubane, var det noko som likna safirstein. Noko som såg ut til å likna ein tronstol, viste seg over dei.

2 Han sa til mannen kledd i lin: «Gå inn mellom hjula under kjerubane! Fyll nevane med glør frå elden mellom kjerubane og strø dei ut over byen!» Og han gjekk inn medan eg såg på.

3 Kjerubane stod på høgre sida av tempelet då mannen gjekk inn, og skya fylte den indre tempelgarden.

4 Då lyfte Herrens herlegdom seg opp frå kjerubane og flytte seg bort til dørstokken i tempelet. Skya fylte huset, og stråleglansen frå Herrens herlegdom fylte føregarden.

5 Lyden frå kjerubvengene kunne høyrast heilt ut i den ytre føregarden. Det var som røysta til Gud, Den veldige, når han talar.

6 Då mannen kledd i lin vart beden om å henta eld mellom hjula, mellom kjerubane, gjekk han inn og stilte seg ved det eine hjulet.

7 Og ein kjerub rette ut handa mot elden som var mellom kjerubane. Han tok opp glør og la i nevane på mannen i linkleda. Han tok imot og gjekk ut.

8 Under vengene på kjerubane kunne ein sjå noko med form som menneskehender.

9 Eg såg, og sjå! – det stod fire hjul attmed kjerubane, eitt ved kvar kjerub, og hjula såg ut som blinkande krysolittstein.

10 Alle fire såg like ut, og det var som om det eine hjulet var inni det andre.

11 Dei kunne røra seg til alle fire sidene, og dei snudde seg ikkje når dei gjekk. For dit den første gjekk, følgde dei andre etter, og dei snudde seg ikkje når dei gjekk.

12 Over heile kroppen – på ryggen, hendene og vengene – og overalt på dei fire hjula var det fullt av auge.

13 Eg høyrde at desse hjula vart kalla hjulverk.

14 Kvar av skapningane hadde fire andlet. Det første var eit kjerubandlet, det andre eit menneskeandlet, det tredje eit løveandlet og det fjerde eit ørneandlet.

15 Kjerubane lyfte seg. Det var dei skapningane som eg hadde sett attmed Kebar-elva.

16 Når kjerubane gjekk, gjekk hjula òg ved sida av dei. Og når kjerubane lyfte vengene for å letta frå bakken, dreia ikkje hjula seg bort frå dei.

17 Når kjerubane stod, stod hjula òg, og når kjerubane lyfte seg, lyfte hjula seg med dei. For ånda til skapningane var i hjula.

Herrens herlegdom forlèt tempelet

18 No flytte Herrens herlegdom seg frå dørstokken i tempelet og stilte seg over kjerubane.

19 Kjerubane lyfte vengene og letta frå bakken. Eg såg dei gå framover, og hjula følgde med. Dei stansa attmed inngangen til austporten i Herrens hus, og over dei kvilte herlegdomen til Israels Gud.

20 Det var dei same skapningane som eg hadde sett under Israels Gud attmed Kebar-elva, og eg skjøna at det var kjerubar.

21 Kvar av dei hadde fire andlet og fire venger, og under vengene var det noko som likna menneskehender.

22 Andleta deira var like dei andleta eg hadde sett attmed Kebar-elva, dei såg ut som dei. Kvar kjerub gjekk beint fram.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48