11 Slik såg andleta ut. Vengene var utspente ovanfrå, slik at to nådde borti kvarandre. Dei to andre vengene dekte kroppen.
12 Kvar av dei gjekk beint fram. Dit ånda førte dei, gjekk dei; dei snudde seg ikkje når dei gjekk.
13 Dei som likna levande skapningar, såg ut som brennande kol, som faklar såg dei ut. Elden fór att og fram mellom dei. Det blinka og lynte av han.
14 Skapningane fór att og fram, det såg ut som lynet.
15 Eg såg på dei fire skapningane, og sjå! – det stod eit hjul på bakken attmed kvar av dei.
16 Hjula såg ut som dei var laga av noko som likna krysolitt, og alle fire var like. Det såg ut som dei var laga slik at det eine hjulet var inni det andre.
17 Dei kunne røra seg til alle fire sidene, men dei snudde seg ikkje når dei gjekk.