19 Når skapningane rørte seg, rørte også hjula seg attmed dei, og når skapningane lyfte seg frå jorda, lyfte hjula seg òg.
20 Dit ånda ville at dei skulle gå, dit gjekk dei. Og hjula lyfte seg saman med dei, for ånda til skapningane var i hjula.
21 Dei gjekk når skapningane gjekk, og stansa når dei stansa. Og når dei lyfte seg frå jorda, lyfte hjula seg saman med dei, for ånda til skapningane var i hjula.
22 Over hovuda på skapningane var det noko som likna ein kvelv. Han var spent ut høgt over hovuda på dei og såg ut som is – skremmande.
23 Under kvelven strekte vengene seg ut mot kvarandre. Kvar skapning hadde to venger til, to venger som dekte kroppen.
24 Og eg høyrde lyden av vengene når dei rørte på seg. Det var som lyden av veldige vassmengder, som røysta til Den veldige. Bråket var som lyden av ein hær. Når dei stansa, senka dei vengene.
25 Det buldra frå kvelven over hovudet deira når dei stansa og senka vengene.