22 Over hovuda på skapningane var det noko som likna ein kvelv. Han var spent ut høgt over hovuda på dei og såg ut som is – skremmande.
23 Under kvelven strekte vengene seg ut mot kvarandre. Kvar skapning hadde to venger til, to venger som dekte kroppen.
24 Og eg høyrde lyden av vengene når dei rørte på seg. Det var som lyden av veldige vassmengder, som røysta til Den veldige. Bråket var som lyden av ein hær. Når dei stansa, senka dei vengene.
25 Det buldra frå kvelven over hovudet deira når dei stansa og senka vengene.
26 Over kvelven som var over hovudet på dei, var det noko som såg ut som safirstein og likna ein tronstol. Oppe på trona sat det ein som var lik eit menneske å sjå til.
27 Frå det som såg ut til å vera hoftene og oppover, såg eg noko som likna skinande metall med noko som såg ut som eld omkring. Og frå hoftene og nedover såg eg noko som såg ut som eld med ein lysglans omkring.
28 Lysglansen såg ut som bogen i skya ein regnvêrsdag. Det var dette Herrens herlegdom likna, slik såg han ut. Då eg fekk sjå det, kasta eg meg ned med andletet mot jorda, og eg høyrde røysta til ein som tala.