1 Eg såg, og sjå! – over kvelven som var over hovudet på kjerubane, var det noko som likna safirstein. Noko som såg ut til å likna ein tronstol, viste seg over dei.
2 Han sa til mannen kledd i lin: «Gå inn mellom hjula under kjerubane! Fyll nevane med glør frå elden mellom kjerubane og strø dei ut over byen!» Og han gjekk inn medan eg såg på.
3 Kjerubane stod på høgre sida av tempelet då mannen gjekk inn, og skya fylte den indre tempelgarden.
4 Då lyfte Herrens herlegdom seg opp frå kjerubane og flytte seg bort til dørstokken i tempelet. Skya fylte huset, og stråleglansen frå Herrens herlegdom fylte føregarden.
5 Lyden frå kjerubvengene kunne høyrast heilt ut i den ytre føregarden. Det var som røysta til Gud, Den veldige, når han talar.