19 Kjerubane lyfte vengene og letta frå bakken. Eg såg dei gå framover, og hjula følgde med. Dei stansa attmed inngangen til austporten i Herrens hus, og over dei kvilte herlegdomen til Israels Gud.
20 Det var dei same skapningane som eg hadde sett under Israels Gud attmed Kebar-elva, og eg skjøna at det var kjerubar.
21 Kvar av dei hadde fire andlet og fire venger, og under vengene var det noko som likna menneskehender.
22 Andleta deira var like dei andleta eg hadde sett attmed Kebar-elva, dei såg ut som dei. Kvar kjerub gjekk beint fram.