1 No lyfte ånda meg opp og førte meg til austporten i Herrens hus, den som vender mot aust. Og sjå, attmed inngangen til porten var det tjuefem menn, og midt mellom dei såg eg Jaasanja, son til Assur, og Pelatja, son til Benaja, som var leiarar i folket.
2 Herren sa til meg: «Menneske! Dette er dei mennene som tenkjer ut urett og gjev dårlege råd her i byen.
3 Dei seier: Å byggja hus har inga hast. Byen er gryta, og vi er kjøtet.
4 Tal profetord mot dei! Tal profetord, menneske!»
5 Då kom Herrens ånd over meg og sa eg skulle seia: Så seier Herren: Slik talar de, Israels hus, og eg kjenner dei tankane som stig opp i dykk.
6 De har drepe så mange her i byen at gatene er fulle av falne.
7 Difor seier Herren Gud: Dei som de drap og lét liggja i byen, det er dei som er kjøtet, og byen er gryta. Men de skal førast ut derifrå.