11 Byen skal ikkje vera ei gryte for dykk, og de skal ikkje vera kjøtet i den. Ved Israels grense vil eg dømma dykk.
12 Då skal de kjenna at eg er Herren, de som ikkje følgjer mine forskrifter og ikkje held mine lover, men må følgja lovene til folkeslaga omkring dykk.
13 Medan eg profeterte, døydde Pelatja, son til Benaja. Då kasta eg meg ned med andletet mot jorda og skreik høgt: «Å, Herre Gud, gjer du ende på alt som er att av Israel?»
14 Herrens ord kom då til meg:
15 Menneske! Brørne dine, brørne dine som er saman med deg i eksil, heile Israels hus – om dei seier folket i Jerusalem: «Dei er langt borte frå Herren. Vi har fått landet i eige.»
16 Difor skal du seia: Så seier Herren Gud: Sjølv om eg førte dei langt bort mellom folkeslaga og spreidde dei i landa, vart eg ein liten heilagdom for dei i landa dei kom til.
17 Difor skal du seia: Så seier Herren Gud: Eg vil samla dykk ute mellom folka, sanka dykk saman frå dei landa de er spreidde i, og gje dykk Israels land.