18 Når dei kjem dit, skal dei fjerna alle dei motbydelege og avskyelege gudebileta derifrå.
19 Eg gjev dei eit anna hjarte, og ei ny ånd gjev eg inni dei. Eg tek steinhjartet ut or kroppen på dei og gjev dei eit kjøthjarte i staden,
20 slik at dei kan følgja forskriftene mine, halda fast ved lovene mine og leva etter dei. Dei skal vera mitt folk, og eg skal vera deira Gud.
21 Men dei som i hjartet følgjer dei motbydelege og avskyelege gudane, det dei har gjort, lèt eg koma over deira eige hovud, seier Herren Gud.
22 Då lyfte kjerubane vengene sine, og hjula følgde med. Høgt oppe over dei trona herlegdomen til Israels Gud.
23 No steig Herrens herlegdom opp frå byen og stansa på fjellet austafor.
24 Ånda lyfte meg opp og tok meg med til dei bortførte i Kaldea. Dette hende ved Guds ånd, i eit syn. Så vart det borte for meg, det synet eg hadde hatt.