6 De har drepe så mange her i byen at gatene er fulle av falne.
7 Difor seier Herren Gud: Dei som de drap og lét liggja i byen, det er dei som er kjøtet, og byen er gryta. Men de skal førast ut derifrå.
8 De er redde for sverdet, og eg lèt sverdet koma mot dykk, seier Herren Gud.
9 Eg fører dykk ut av byen, gjev dykk over til framande og fullfører dommen over dykk.
10 De skal falla for sverd, ved Israels grense vil eg dømma dykk. Då skal de kjenna at eg er Herren.
11 Byen skal ikkje vera ei gryte for dykk, og de skal ikkje vera kjøtet i den. Ved Israels grense vil eg dømma dykk.
12 Då skal de kjenna at eg er Herren, de som ikkje følgjer mine forskrifter og ikkje held mine lover, men må følgja lovene til folkeslaga omkring dykk.