13 Eg vil spenna ut garnet mitt over han, han skal fangast i nettet. Så fører eg han til Babel i Kaldearlandet. Men det får han ikkje sjå. Og der skal han døy.
14 Alle som er i lag med han, både medhjelparane og alle soldatane, vil eg spreia for alle vindar og forfølgja med drege sverd.
15 Då skal dei kjenna at eg er Herren, når eg spreier dei mellom folkeslaga og strør dei ut i landa.
16 Berre nokre få av dei lèt eg sleppa unna sverd og svolt og pest, for at dei skal fortelja om alle dei avskyelege handlingane sine til folka dei kjem til. Då skal dei kjenna at eg er Herren.
17 Herrens ord kom til meg:
18 Menneske! Skjelvande skal du eta ditt brød, og vatnet skal du drikka med uro og angst.
19 Og du skal seia til folket i landet: Så seier Herren Gud om dei som bur i Jerusalem i Israels land: Urolege skal dei eta sitt brød, og forfærde skal dei drikka sitt vatn. Landet og alt som er i det, skal bli uhyggjeleg audt, for alle som bur der, har brukt vald.