17 Herrens ord kom til meg:
18 Menneske! Skjelvande skal du eta ditt brød, og vatnet skal du drikka med uro og angst.
19 Og du skal seia til folket i landet: Så seier Herren Gud om dei som bur i Jerusalem i Israels land: Urolege skal dei eta sitt brød, og forfærde skal dei drikka sitt vatn. Landet og alt som er i det, skal bli uhyggjeleg audt, for alle som bur der, har brukt vald.
20 Byane som det no bur folk i, skal leggjast aude, og landet skal bli ei øydemark. Då skal de kjenna at eg er Herren.
21 Og Herrens ord kom til meg:
22 Menneske! Kva er det for eit ordtak de har i Israels land? De seier: «Dagane blir mange, alle syn slår feil.»
23 Difor, sei til dei: Så seier Herren Gud: Eg vil gjera ende på dette ordtaket så dei ikkje skal bruka det meir i Israel. Men sei til dei: Dagen er nær, kvart syn slår til.