20 Byane som det no bur folk i, skal leggjast aude, og landet skal bli ei øydemark. Då skal de kjenna at eg er Herren.
21 Og Herrens ord kom til meg:
22 Menneske! Kva er det for eit ordtak de har i Israels land? De seier: «Dagane blir mange, alle syn slår feil.»
23 Difor, sei til dei: Så seier Herren Gud: Eg vil gjera ende på dette ordtaket så dei ikkje skal bruka det meir i Israel. Men sei til dei: Dagen er nær, kvart syn slår til.
24 For ingen skal lenger ha tomme syn eller koma med falske spådomar i Israels hus.
25 Det er eg, Herren, som talar, og det ordet eg talar, skal skje, det skal ikkje utsetjast lenger. For i di tid, du trassige ætt, talar eg mitt ord og set det i verk, seier Herren Gud.
26 Og Herrens ord kom til meg: