21 Og Herrens ord kom til meg:
22 Menneske! Kva er det for eit ordtak de har i Israels land? De seier: «Dagane blir mange, alle syn slår feil.»
23 Difor, sei til dei: Så seier Herren Gud: Eg vil gjera ende på dette ordtaket så dei ikkje skal bruka det meir i Israel. Men sei til dei: Dagen er nær, kvart syn slår til.
24 For ingen skal lenger ha tomme syn eller koma med falske spådomar i Israels hus.
25 Det er eg, Herren, som talar, og det ordet eg talar, skal skje, det skal ikkje utsetjast lenger. For i di tid, du trassige ætt, talar eg mitt ord og set det i verk, seier Herren Gud.
26 Og Herrens ord kom til meg:
27 Menneske, høyr! Israels hus seier: «Det synet han ser, gjeld langt fram, det er fjerne tider han profeterer om.»