4 Tinga dine skal du bera ut om dagen rett framfor auga på dei, og sjølv skal du fara av stad om kvelden rett framfor auga på dei, lik folk som blir bortførte.
5 Bryt hol i veggen rett framfor auga på dei, og ber tinga dine ut gjennom det.
6 Ta dei på aksla rett framfor auga på dei, i mørkret skal du ta dei ut. Andletet skal du dekkja til så du ikkje ser landet. Slik gjer eg deg til eit varsel for Israels hus.
7 Eg gjorde det som var sagt. Om dagen bar eg ut tinga mine som utstyr for eksil. Om kvelden braut eg meg hol i veggen med hendene. I mørkret bar eg tinga mine ut, eg tok dei på aksla rett framfor auga på dei.
8 Morgonen etter kom Herrens ord til meg:
9 Menneske, har ikkje Israels hus, den trassige ætta, spurt deg: «Kva er det du gjer?»
10 Du skal seia til dei: Så seier Herren Gud: Det du ber på, er fyrsten i Jerusalem og heile Israels hus, dei som er der.