6 Ta dei på aksla rett framfor auga på dei, i mørkret skal du ta dei ut. Andletet skal du dekkja til så du ikkje ser landet. Slik gjer eg deg til eit varsel for Israels hus.
7 Eg gjorde det som var sagt. Om dagen bar eg ut tinga mine som utstyr for eksil. Om kvelden braut eg meg hol i veggen med hendene. I mørkret bar eg tinga mine ut, eg tok dei på aksla rett framfor auga på dei.
8 Morgonen etter kom Herrens ord til meg:
9 Menneske, har ikkje Israels hus, den trassige ætta, spurt deg: «Kva er det du gjer?»
10 Du skal seia til dei: Så seier Herren Gud: Det du ber på, er fyrsten i Jerusalem og heile Israels hus, dei som er der.
11 Sei: Eg er eit varsel for dykk. Det eg har gjort, skal gjerast med dei i byen. Dei skal fara i eksil, i fangenskap skal dei fara.
12 I mørkret skal fyrsten som er hos dei, ta tinga sine på aksla og dra ut. Dei skal bryta hol i veggen og føra han ut. Andletet skal han dekkja til så han ikkje kan sjå landet med auga.