1 Herrens ord kom til meg:
2 Menneske, tal profetord mot profetane i Israel, som driv og profeterer. Sei til dei som profeterer ut ifrå eige hjarte: Høyr Herrens ord!
3 Så seier Herren Gud: Ve dei tåpelege profetane, dei som følgjer sitt eige sinn og ikkje har sett noko som helst.
4 Som revar mellom ruinar er profetane dine, Israel.