1 Herrens ord kom til meg:
2 Menneske, tal profetord mot profetane i Israel, som driv og profeterer. Sei til dei som profeterer ut ifrå eige hjarte: Høyr Herrens ord!
3 Så seier Herren Gud: Ve dei tåpelege profetane, dei som følgjer sitt eige sinn og ikkje har sett noko som helst.
4 Som revar mellom ruinar er profetane dine, Israel.
5 De har ikkje gått opp i mursprekkane eller styrkt muren kring Israels hus, så det kunne stå seg i striden på Herrens dag.
6 Syna deira er tomme, og spådomane er løgn. Dei seier «Herren seier», endå Herren ikkje har sendt dei. Og likevel ventar dei at han skal la ordet slå til!