3 Så seier Herren Gud: Ve dei tåpelege profetane, dei som følgjer sitt eige sinn og ikkje har sett noko som helst.
4 Som revar mellom ruinar er profetane dine, Israel.
5 De har ikkje gått opp i mursprekkane eller styrkt muren kring Israels hus, så det kunne stå seg i striden på Herrens dag.
6 Syna deira er tomme, og spådomane er løgn. Dei seier «Herren seier», endå Herren ikkje har sendt dei. Og likevel ventar dei at han skal la ordet slå til!
7 Er det ikkje tomme syn de kjem med og løgnaktige spådomar de har tala når de seier «Herren seier», endå eg ikkje har tala?
8 Difor seier Herren Gud: Fordi de talar tomme ord og ser løgn, kjem eg mot dykk, lyder ordet Herren Gud.
9 Eg retter handa mot dei profetane som har tomme syn og spår løgn. Når folket mitt held råd, får dei ikkje vera med. I ættelista til Israels hus skal dei ikkje skrivast, og til Israels land skal dei aldri koma. De skal kjenna at eg er Herren Gud.