3 Menneske, desse mennene har gjeve avgudane rom i hjartet, dei har sett framfor seg det som får dei til å falla i synd. Skulle eg då la dei be meg om råd?
4 Difor skal du tala med dei og seia til dei: Så seier Herren Gud: Om ein eller annan av Israels hus gjev avgudane rom i hjartet og set framfor seg det som får han til å falla i synd, og så kjem til profeten, då skal eg, Herren, svara han og dei mange avgudane hans som fortent.
5 Slik grip eg israelittane om hjartet, alle dei som har svikta meg med avgudane sine.
6 Sei difor til Israels hus: Så seier Herren Gud: Vend om! Vend dykk bort frå avgudane og vend dykk bort frå alt det avskyelege!
7 Om ein eller annan av Israels hus eller innflyttarane i Israel skil seg frå meg og gjev avgudane rom i hjartet, og set framfor seg det som får han til å falla i synd, og så kjem til profeten for søkja råd frå meg, då skal eg, Herren, sjølv svara han.
8 Eg vil venda meg mot han så han blir til eit teikn og eit ordtak. Eg vil rydda han ut av folket mitt. Då skal de kjenna at eg er Herren.
9 Og om profeten lèt seg lokka til å seia noko, då er det eg, Herren, som har lokka han. Eg vil retta handa mot han og rydda han ut av Israel, folket mitt.