6 Sei difor til Israels hus: Så seier Herren Gud: Vend om! Vend dykk bort frå avgudane og vend dykk bort frå alt det avskyelege!
7 Om ein eller annan av Israels hus eller innflyttarane i Israel skil seg frå meg og gjev avgudane rom i hjartet, og set framfor seg det som får han til å falla i synd, og så kjem til profeten for søkja råd frå meg, då skal eg, Herren, sjølv svara han.
8 Eg vil venda meg mot han så han blir til eit teikn og eit ordtak. Eg vil rydda han ut av folket mitt. Då skal de kjenna at eg er Herren.
9 Og om profeten lèt seg lokka til å seia noko, då er det eg, Herren, som har lokka han. Eg vil retta handa mot han og rydda han ut av Israel, folket mitt.
10 Då må begge bera si eiga skuld, både han som søkjer råd og profeten,
11 for at Israels hus ikkje lenger skal forvilla seg bort frå meg og ikkje meir gjera seg ureint med alle syndene sine. Dei skal vera mitt folk, og eg skal vera deira Gud, seier Herren Gud.
12 Herrens ord kom til meg: