1 Herrens ord kom til meg:
2 Menneske, tal til Jerusalem om alt det avskyelege hos henne.
3 Du skal seia: Så seier Herren Gud til Jerusalem: Du stammar frå Kanaanearlandet, der vart du fødd. Far din var amoritt og mor di hetitt.
4 Då du kom til verda, den dagen du vart fødd, skar dei ikkje over navlestrengen, dei vaska deg ikkje rein med vatn, gneid deg ikkje inn med salt, og dei sveipte deg ikkje.
5 Ingen viste deg medkjensle, ikkje ein av desse tinga gjorde dei mot deg fordi dei tykte synd i deg. Dei slengde deg ut på marka fordi dei fekk motvilje mot deg den dagen du vart fødd.
6 Då gjekk eg forbi og såg deg der du låg og sprella i blod. Og eg sa: «Du som ligg i ditt eige blod, lev.» Eg sa: «Du som ligg i ditt eige blod, lev!»