10 Så kledde eg deg i fargerike klede, tok på deg sandalar av fint skinn, batt lin om hovudet ditt og sveipte deg i silke.
11 Eg pynta deg med smykke, gav deg armband på handa og kjede om halsen.
12 Eg gav deg ring i nasen, ringar i øyra og ei vakker krone på hovudet.
13 Så pynta du deg med gull og sølv og kledde deg i lin, silke og fargerike klede. Du fekk fint mjøl, honning og olje til mat. Du vart svært, svært vakker. Du fekk kongeleg rang.
14 Mellom folka gjekk det gjetord om din venleik, for han vart fullkomen av alt det praktfulle eg gav deg, seier Herren Gud.
15 Men du var trygg på din venleik, du dreiv hor på ditt rykte. Du baud deg fram som hore til kvar og ein som kom forbi, og han fekk deg.
16 Du tok nokre av kleda dine for å gjera offerhaugane fargerike. Der dreiv du hor, slik det aldri må henda.