17 Du tok smykka av sølv og gull som eg hadde gjeve deg, og laga deg mannlege gudebilete, som du dreiv hor med.
18 Du tok dei fargerike kleda dine og dekte dei med, og min olje og min røykjelse sette du fram for dei.
19 Brødet som eg hadde gjeve deg, det fine mjølet, oljen, honningen som du hadde fått til mat, sette du fram for dei til vellukt, seier Herren Gud.
20 Sønene og døtrene som du hadde fødd, og som høyrde meg til, tok du og ofra til mat for dei. Var det ikkje nok at du dreiv hor,
21 sidan du òg slakta sønene mine og gav dei frå deg når du lét dei gå gjennom elden?
22 Når du gjorde alt dette avskyelege og dreiv hor, kom du ikkje i hug din ungdoms dagar då du var naken og berr og låg og sprella i blod.
23 Så, etter at du hadde gjort så mykje vondt – ve, ve deg! seier Herren Gud –