20 Sønene og døtrene som du hadde fødd, og som høyrde meg til, tok du og ofra til mat for dei. Var det ikkje nok at du dreiv hor,
21 sidan du òg slakta sønene mine og gav dei frå deg når du lét dei gå gjennom elden?
22 Når du gjorde alt dette avskyelege og dreiv hor, kom du ikkje i hug din ungdoms dagar då du var naken og berr og låg og sprella i blod.
23 Så, etter at du hadde gjort så mykje vondt – ve, ve deg! seier Herren Gud –
24 bygde du deg ein høg stad og laga deg ein haug i alle gater.
25 I alle vegkryss bygde du deg ein haug. Der gjorde du venleiken din til noko avskyeleg. Du skreva med beina for kvar mann som kom forbi, meir og meir dreiv du hor.
26 Du dreiv hor med egyptarane, grannane med kraftig lem, og med alt ditt horeri gjorde du meg rasande.