23 Så, etter at du hadde gjort så mykje vondt – ve, ve deg! seier Herren Gud –
24 bygde du deg ein høg stad og laga deg ein haug i alle gater.
25 I alle vegkryss bygde du deg ein haug. Der gjorde du venleiken din til noko avskyeleg. Du skreva med beina for kvar mann som kom forbi, meir og meir dreiv du hor.
26 Du dreiv hor med egyptarane, grannane med kraftig lem, og med alt ditt horeri gjorde du meg rasande.
27 Då rette eg ut handa mot deg og tok tilbake det du skulle ha. Eg gav deg over til deira vilje som hatar deg, til filistardøtrene, dei som blir krenkte av ditt skamlause liv.
28 Så dreiv du hor med assyrarane, for du hadde ikkje fått nok. Ja, ikkje eingong då fekk du nok.
29 Og du heldt fram med ditt horeri, heilt til kremmarlandet Kaldea. Men heller ikkje då fekk du nok.