26 Du dreiv hor med egyptarane, grannane med kraftig lem, og med alt ditt horeri gjorde du meg rasande.
27 Då rette eg ut handa mot deg og tok tilbake det du skulle ha. Eg gav deg over til deira vilje som hatar deg, til filistardøtrene, dei som blir krenkte av ditt skamlause liv.
28 Så dreiv du hor med assyrarane, for du hadde ikkje fått nok. Ja, ikkje eingong då fekk du nok.
29 Og du heldt fram med ditt horeri, heilt til kremmarlandet Kaldea. Men heller ikkje då fekk du nok.
30 Kor sjukt hjartet ditt er, seier Herren Gud. At du kunne gjera alt dette og oppføra deg som ei frekk hore!
31 Du bygde ein høg stad i kvart vegkryss og laga ein haug i alle gater. Men du var ikkje som andre horer, for du avslo horepengar.
32 Ei kvinne som bryt ekteskapet, tek framande menn i staden for ektemannen sin.