28 Så dreiv du hor med assyrarane, for du hadde ikkje fått nok. Ja, ikkje eingong då fekk du nok.
29 Og du heldt fram med ditt horeri, heilt til kremmarlandet Kaldea. Men heller ikkje då fekk du nok.
30 Kor sjukt hjartet ditt er, seier Herren Gud. At du kunne gjera alt dette og oppføra deg som ei frekk hore!
31 Du bygde ein høg stad i kvart vegkryss og laga ein haug i alle gater. Men du var ikkje som andre horer, for du avslo horepengar.
32 Ei kvinne som bryt ekteskapet, tek framande menn i staden for ektemannen sin.
33 Andre horer får gåver, men du gav løn til alle elskarane dine. Du kjøpte dei for at dei skulle koma frå alle kantar så du kunne driva hor.
34 Når du dreiv hor, var du ulik andre kvinner. Det var ingen som ville ha deg, du fekk ikkje horepengar, men du gav. Så bakvendt var det med deg.