36 Så seier Herren Gud: Fordi du sløste med koparpmyntane dine og viste fram din nakenskap når du dreiv hor med elskarane, alle dei avskyelege avgudane dine, og fordi du gav dei blodet til borna dine,
37 vil eg samla alle elskarane dine som hadde glede av deg, både dei du elska og dei du hata. Eg samlar dei rundt deg frå alle kantar og viser den nakne kroppen din for dei. Dei skal sjå deg heilt naken.
38 Eg dømmer deg til å bli straffa for ekteskapsbrot og drap, eg råkar deg med blod i harme og sjalusi.
39 Eg gjev deg i hendene på elskarane dine, og dei skal bryta ned den høge staden din og øydeleggja haugane dine. Dei riv av deg kleda, tek dei fine smykka dine og lèt deg liggja der naken og berr.
40 Så reiser dei opp ein flokk mot deg, steinar deg og høgg deg ned med sverd.
41 Dei brenner ned husa dine og held dom over deg framfor auga på mange kvinner. Slik gjer eg ende på ditt horeri, så du ikkje meir kan gje horepengar.
42 Så bruker eg opp min harme på deg, min sjalusi vik frå deg, eg teier og er ikkje lenger sint.