45 Du er dotter til mor di, som ikkje brydde seg om mann og born. Og du er syster til systrene dine, som ikkje brydde seg om mennene og borna sine. Mor dykkar var hetitt og far dykkar amoritt.
46 Di storesyster er Samaria, som bur med døtrene sine til venstre for deg. Og di veslesyster er Sodoma, som bur med døtrene sine til høgre for deg.
47 Ikkje berre gjekk du på deira vegar og gjorde dei same avskyelege tinga, men etter ei kort tid handla du på alle vis verre enn dei.
48 Så sant eg lever, seier Herren Gud: Sodoma, syster di, og døtrene hennar gjorde slett ikkje som du og døtrene dine.
49 Sjå, dette er synda som Sodoma, syster di, gjorde seg skuldig i: hovmod. Ho og døtrene hadde nok av mat og levde i fred og ro. Men ho hjelpte ikkje dei hjelpelause og fattige.
50 Hovmodige var dei og gjorde slikt som eg har avsky for. Men då eg såg det, dreiv eg dei bort.
51 Samaria har ikkje synda halvparten så mykje som du. Du har handla meir avskyeleg enn systrene dine, og med alt det avskyelege har du vist at dei er meir rettferdige enn du.