51 Samaria har ikkje synda halvparten så mykje som du. Du har handla meir avskyeleg enn systrene dine, og med alt det avskyelege har du vist at dei er meir rettferdige enn du.
52 Så må du òg ta vanæra på deg, du som med dine eigne synder har tala saka til systrene dine. Fordi du har handla meir avskyeleg enn dei, er dei meir rettferdige enn du. Så skam deg då og ber di vanære, du som har vist at systrene dine er meir rettferdige.
53 Eg vender lagnaden for Sodoma og døtrene hennar og for Samaria og døtrene hennar. Og samstundes vender eg lagnaden for deg.
54 Slik skal du bera di vanære og skamma deg over alt du har gjort, til trøyst for dei.
55 Syster di, Sodoma, og døtrene hennar skal få det som før, Samaria og døtrene hennar skal få det som før, og du og døtrene dine skal få det som før.
56 Sette ikkje du ut dårleg rykte om Sodoma, syster di, den tid du var hovmodig?
57 Det var før vondskapen din vart synleg. På den tida var du til spott for arameardøtrene og alle der omkring, for filistardøtrene som hånte deg på alle kantar.