58 Di skamløyse og alt det avskyelege hos deg må du bera sjølv, seier Herren.
59 For så seier Herren Gud: Eg gjer med deg som du sjølv gjorde då du vanvørde forbanninga og braut pakta.
60 Men eg vil minnast pakta eg gjorde med deg då du var ung, og eg vil oppretta ei evig pakt med deg.
61 Du skal minnast kva du har gjort, og skjemmast når eg tek systrene dine, både dei som er eldre enn du, og dei som er yngre, og gjer dei til døtrene dine, endå dei ikkje er i pakt med deg.
62 Når eg opprettar mi pakt med deg, då skal du kjenna at eg er Herren.
63 Så skal du minnast det og skamma deg, på grunn av skamma skal du aldri meir opna munnen, når eg tilgjev deg alt du har gjort, seier Herren Gud.