6 Då gjekk eg forbi og såg deg der du låg og sprella i blod. Og eg sa: «Du som ligg i ditt eige blod, lev.» Eg sa: «Du som ligg i ditt eige blod, lev!»
7 Eg gjorde deg talrik som blomane på marka. Og du voks og vart stor, du vart strålande vakker. Brysta vart faste, og håret voks. Men du var naken og berr.
8 Då eg gjekk framom, fekk eg sjå at tida di var komen, tida til å elska. Då breidde eg fliken av kappa mi over deg og skjulte den nakne kroppen din. Eg svor deg truskap og gjorde pakt med deg, og du vart mi, seier Herren Gud.
9 Eg vaska deg med vatn, skylde blodet av deg og salva deg med olje.
10 Så kledde eg deg i fargerike klede, tok på deg sandalar av fint skinn, batt lin om hovudet ditt og sveipte deg i silke.
11 Eg pynta deg med smykke, gav deg armband på handa og kjede om halsen.
12 Eg gav deg ring i nasen, ringar i øyra og ei vakker krone på hovudet.