1 Herrens ord kom til meg:
2 Menneske, sei fram ei gåte for Israels hus, fortel dei ei likning.
3 Du skal seia:Så seier Herren Gud:Den store ørna med store vengerog lange vengefjører,med tett og fargerik fjørham,kom til Libanon.Ho tok toppen av sederen,
4 braut av den øvste greina,førte henne til kremmarlandetog sette henne i handelsbyen.
5 Så tok ho ei plante som voks i landet,og sette henne i god jordpå ein stad med mykje vatn,planta henne som eit piletre.
6 Ho voks og vart til ein vinstokk,frodig, men låg av vekst,så rankene bøygde seg mot ørnaog røtene voks inn under henne.Ho vart til ein vinstokk som fekk greinerog strekte ut sine kvister.
7 Men det var ei anna stor ørnmed store venger, med mektig fjørham.Og sjå, vinstokken tøygde sine røterbort imot henne,bøygde greinene mot henne,så ho skulle gje han meir vatnenn jordstykket han var planta i.