17 Farao vil ikkje koma med ein stor hær og mykje folk for å støtta han i krigen når fienden kastar opp ein voll og byggjer skansar for å rydda ut mange menneske.
18 Han vanvørde forbanninga og braut pakta. Endå han hadde gjeve handslag, gjorde han alt dette. Han skal ikkje sleppa unna.
19 Difor seier Herren Gud: Så sant eg lever, fordi han vanvørde forbanninga og braut pakta, skal eg la dei råka hans eige hovud.
20 Eg spenner ut garnet mitt over han og fangar han i nettet. Så fører eg han til Babel, der held eg dom over hans truløyse, for han var trulaus mot meg.
21 Alle som rømmer frå troppane hans, skal falla for sverd, og dei som blir att, skal spreiast for alle vindar. Då skal de kjenna at eg, Herren, har tala.
22 Så seier Herren Gud:Eg tek sjølv ein kvistav toppen på ein høg seder,frå dei øvste greineneriv eg eit fint skotog plantar det på eit fjell som ragar høgt.
23 På Israels høge fjell plantar eg det.Det skal få greiner og bera fruktog bli ein staut seder.Alle slags fuglar skal bu i det,alt som har venger, skal halda tili skuggen av greinene på det.